NM Terrengløp lang løype
14. oktober 2017
Offisiell resultatliste alle klassar
Resultatliste menn 10km Resultatliste kvinner 6km
Fotosamling frå NM
Nye bilete vert lagt ut fortløpande.
Opptak NM-Show fredag på NRK
Programhefte NM
Nyhende
* Foto frå alle klassar i NM under foto i menyen. Vert lagt ut fortløpande. (C) Foto: Vik IL
* Løpstider frå IQTiming med mellomtider
* 60 idrettslag frå heile landet til NM i Vik i Sogn – les meir
Velkommen til NM i Vik!
Vik IL friidrett inviterer til NM terrengløp i Vik sentrum med sportsleg underhaldning i nært samarbeid med næringslivet.
På stadion: Mattelt og salsbodar
På Blix hotell: NM meny heile helga
I sentrum: Gode tilbod i butikkane
Overnatting/ reise
Overnatting i Vik:
NM hotell: Blix Hotell
Ta kontakt med Jorunn Åsfrid Røyrvik tlf: 41505191, epost: jorunn@royrvikbygg.no for informasjon om mange overnattingsalternativ i Vik
Overnatting på Myrkdalen Hotel tlf: 47 47 16 00, epost: post@myrkdalen.no, info på myrkdalen.no
Reise:
Til Vik er det lett å reise:
Frå Bergen: 170 km, ca 2,5 timar køyring
Frå Voss: 70km – ca 1 time køyring
Frå Myrkdalen: 36km – ca 35 min køyring
Frå Oslo: 385 km
Frå Trondheim: 465 km
Dette er avstandar med personbil, men med flyplass i Sogndal 70 km unna er det lett å komma seg til Vik. Ein kan også ta fly til Flesland, Bergen lufthavn.
Det går bussar frå Oslo, Bergen, Lillehammer og Trondheim som korresponderer med bussar til Vik.
Det går tog til Voss frå Bergen og Oslo. Det er 70 km til Voss frå Vik. Det går ekspressbåt frå Bergen til Vik, ein flott tur som trekkjer mykje turistar. Turen tek 3,5 timar.
Om Vik
Vik kommune er på sørsida av Sognefjorden og har ca 2800 innbyggjarar.
Her finn du meir informasjon om Vik, Webkamera, bilete, verinfo mm.
Vikjavev – webkamera med time-lapse, verinfo, bilete og verhistorikk mm
Sognefjord reiseliv – Informasjon om Vik
Kontaktpersonar:
Leiar friidrettsgruppa: Ragnhild Fjærestad
tlf: 97 56 94 88 / rf@sogneprodukt.no
Leiar hovudkommité: Nils Gunnar Finne
tlf: 91 51 31 17 / nils.gunnar.finne@vik.kommune.no
Program og informasjon
Påmelding skal skje elektronisk her
Påmeldingsfrist: 10.10.2017 kl 23:59.
Startkontingent kr 150,-. Kr 30,- i tillegg for eingongslisens for dei som ikkje har heilårslisens.
NB: Elektronisk påmelding medfører at utøvar kjem automatisk i rett klasse. Senior og veteranklassane 35-49 år, startar i same startfelt. Det vil bli ei resultatliste for NM-senior uansett klasse, samt klassevise resultatlister. I tillegg til medaljar i eigne veteranklasser, vil dei beste veteranane kunne konkurrere om medaljane i seniorklassen.
Kven kan starte i norske meisterskap?
Klubbrepresentasjon
Deltakarane må vere medlemmer av lag tilslutta NFIF, dvs. utøvaren må vere medlem av eit lag som har betalt kretskontingenten. Dei som tidlegare har konkurrert for ein «ikkje-godkjent» klubb, er straks klar for deltaking ved å teikne medlemskap i ein klubb som er godkjent av NFIF.
Startløyve for ikkje-norske statsborgarar
Skal ein ikkje-norsk statsborger få startløyve i norske meisterskap, må utøver søkje om dispensasjon i kvart enkelt tilfelle. Søknad sendes NFIF.
Program/tidsskjema
Fredag 13. oktober
Blix hotell
19.00 til 21.00 Fagseminar: «Draum vert verkeleg i idrett og næringsliv». NRK er på plass.
- Høyr idrettsutøvar og forskar på Idrettshøgskulen Gro Jordalen og gründer Torstein Hønsi
- NRK journalist Noralv Pedersen i samtale med mellom anna Henrik Holmberg, Vik, Eli Anne Dvergsdal, Jølster, Eivind Øygard, Jølster og Karoline Holsen Kyte, Førde og Marius Vedvik, Førde
21.00 til 23.00 Quiz ved Jarle Christensen
Laurdag 14. oktober
Vik Stadion
10 00 Sekretariat opent for henting av startnummer
11.45 Vik Musikklag spelar NM i gang
12.00 Offisiell opning
12.10 J15, J16, J17, KJ & KV 50+ 4 km
12.40 G15, G16 & G17 4 km
13.05 Medaljeseremoni for alle klasser 4 km
13.30 KS & KV 35-49 år 6 km
14.05 Medaljeseremoni for KS & KV 35-49 år
14.25 MS & MV 35-49 år 10 km
15.10 MJ & MV 50+ 6 km
15.45 Medaljeseremoni 10 km og MJ & MV 50+
Blix hotell
Fest på NM hotellet med Tor Talle Trio
Klassar og distansar
Kvinner:
– 4 km: J15, J16, J17, KJ, K veteran (50-54, 55-59, osv…)
– 6 km: KS, K veteran (35-39, 40-44, 45-49)
Menn:
– 4 km: G15, G16, G17
– 6 km: MJ, M veteran (50-54, 55-59, osv…)
– 10 km: MS, M veteran (35-39, 40-44, 45-49)
Løype og løypeprofil
Fotosamling NM
Bla nedover for ulike klassar eller vel i toppmenyen
(C) Foto: Vik IL